"(...) men eg hugsar eg sa at eg var glad i deg. Eg hadde aldri sagt det før, og eg hugsar enno følelsen av å stå der og nettopp ha sleppt dei orda ut av munnen. Eg har aldri hatt barn, og eg kjem sikkert aldri til å få det heller, men om eg skal forsøke meg på å vere poetisk, kan eg seie at å sleppe akkurat dei orda ut av munnen, var omtrent det same som når ei mor slepper barnet sitt ut i verda og ho står der og håpar at folk tar del i mot det og behandlar det godt. Og det gjorde du. "eg er glad i deg, eg òg" sa du, og fordi du mislikte store ord og følelsar, og fordi eg var så glad og rørt akkurat da at eg var redd for å øydelegge alt saman ved å seie noko som du ville oppfatta som pompøst eller patetisk, sa eg ikkje meir på ei lang stund."
Carl Frode Tiller - Innsirkling.
bare et livstegn. boka/bøkene bør forresten leses.
kilde ukjent :(
åh, det var fint å lese.
SvarSletthar sett på boka mange ganger (dømmer bøkene på forsiden jada) og nå må jeg jo egentlig lese den.
SvarSlett